Miljøvern

Evangervatnet Voss kommune har store natur- og kulturressursar og ynskjer å forvalta desse til beste for framtidige generasjonar. Dei siste tiåra har område med inngrepsfri natur vorte kraftig redusert i kommunen. Det er ei viktig oppgåve å ta vare på dei viktigaste inngrepsfrie områda for framtida. Fleire område i kommunen er statleg verna, m.a. landskapsvernområda i Stølsheimen og Nærøyfjorden.

I tillegg er deler av Myrkdalsdeltaet og våtmarksområdea i Lundarosen og Melsvatnet regulert som spesialområde” våtmark” etter plan- og bygningslova. 

Vossavassdraget og vossolaksen

Vossavassdraget oppstraums Vangsvatnet, vart varig verna mot kraftutbygging i verneplan III (1986). Den lakseRaundalselva førande delen av vassdraget har status som nasjonalt laksevassdrag, i hovudsak pga. den storvokste og trua laksestamma. Laksen vart freda i 1992 etter ein kraftig tilbakegang på slutten av 1980-talet. Det er igangsett ein storstila redningsaksjon for å berga laksestamma, men det er framleis usikkert når det kan opnast for ordinert fiske.

 

Biologisk mangfald

er variasjonsbreidda av artar, gener og dei ulike naturtypane artane er avhengige av. Voss kommune har utarbeidd viltkart for kommunen og ulike naturtypar  og artar er kartlagt. Det er utarbeida kommunale handlingsplanar for viltforvaltning og for forvaltning av innlandsfiske ressursane.

I 2016 vart det vedteken ein interkommunal plan for Fjellheimen villreinområde.

Moensvatnet

Friluftsliv

er viktig for trivsel og god helse. Dei seinare åra er det tilrettelagt ei rekkje friluftsområde i kommunen. Kommunen har utarbeidd ein eigen plan for friluftslivet.

Motorferdsle i utmark

Alle som ønskjer å nytta motorkøyretøy, inklusiv snøscooter, i utmark, må ha løyve frå kommunen. Unnateke frå kravet er køyring som er direkte heimla i § 4 i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, og i § 2 og § 3 i forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagde vassdrag. I tillegg må ein ha løyve frå grunneigar. Løyvet frå grunneigar skal liggje ved søknad.
Søknad om å nytta motorkøyretøy i utmark skal fremjast på elektronisk søknadskjema eller ein kan få papirskjema i Servicetorget.
 

Ureining

av luft, jordsmonn og vatn kan medføra alvorlege miljøproblem. I Voss kommune har målingar vist at luftkvaliteten i sentrumsområdet på vinterstid kan vera dårleg og på nivå med sterkt trafikkerte gater i storbyane. Utslepp frå vegtransport og vedfyring er hovudårsakene. Kommunen har vedteke eiga forskrift om brenning av avfall.

Avfall på avvegar er eit veksande miljøproblem. Voss kommune har sidan 1990-talet rydda over 200 ulovleg avfallsplassar i kommunen. Kommunen har og vedteke ei eiga forskrift om handtering av bygg og anleggsavfall.

Indre Hordaland miljøverk (IHM) har i dag ansvaret for handsaming av forbruksavfallet i kommunen.

 

Vossavassdraget er ein god resipient og har i hovudsak god vasskvalitet. Ein del mindre elver og bekkar er framleis ureina, i hovudsak p.g.a. tilførsel av næringsalt frå landbruket.

 

Støy er definert som "uønskt lyd". Over ein million nordmenn er plaga av støy. Vegtrafikk er truleg den alvorlegaste støykjelda i kommunen.

 

Klimautslepp

Global menneskeskapt oppvarming, "drivhuseffekten", er idag den største miljøutfordringa verda står framfor. Gjennom Kyoto-avtalen har Noreg forplikta seg til å følgje opp ved å redusera utslepp av drivhusgassane. Dei konkrete tiltaka må skje i lokalsamfunna. I Voss kommune kjem dei markert største utsleppa frå biltrafikk.

Voss kommune har utarbeida ein energi- og klimaplan ( 2018-2021) som m.a. skisserer ei rekkje tiltak for å redusere dei lokale klimautsleppa i kommunen.

Voss kommune har saman med Naturvernforbundet og Natur og Ungdom og laga eit klimahefte som gjev råd om kva kvar og eina av oss kan gjera for å redusera klimautsleppa. Heftet er send til alle husstandane i kommunen.

 

Miljøvernpris

Det er oppretta ein kommunal miljøvernpris i kommunen. Prisen vart fyrste gong utdelt i 1989.

 

                                                        

Miljøinformasjonslova

Miljøinformasjonslova gjev alle rett til opplysninger både fra offentlege myndigheiter og private verksemder om forhold som har betydning for miljøet.

                                                        
Fann du det du leita etter?