Kommunal vigsel

Frå 1. januar 2018 har norske kommunar fått mynde til å vigsla brudepar. På Voss er det ordførar Hans-Erik Ringkjøb, varaordførar Sigbjørn Hauge og rådmann Einar Hauge som har mynde til å vigsla. 

Voss kommune har lagt til rette for gjennomføring av seremonien innanfor arbeidstid på Voss tinghus, men det er òg opna opp for andre ynskje. Ta kontakt med oss i god tid for å finna ut kva som er mogleg å få til. 

 

 

 

 

Det er ein del vilkår i ekteskapslova som må vera på plass for at ein skal kunna gifta seg.Les meir i desse lenkjene:

Retningsliner for kommunal vigsel (PDF, 423 kB)

Ekteskapslova

Forskrift om kommunale vigslar

 

Vilkår

For å kunna gifta seg, må Skatteetaten sjå til at brudeparet stettar vilkåra for å inngå ekteskap. Frå juni 2018 kan du søkja om prøving av ekteskapet digitalt. 

 

Det betyr at de loggar inn på Skatteetaten, og gir ein del opplysningar. Behandlingstida kan vera inntil tre veker dersom det er behov for manuell oppfylging, så gjer dette i god tid før bryllupet. Men ikkje meir enn fire månader før bryllupet skal stå. Ei prøvingsattest er berre gyldig i fire månader fordi opplysningane må vera ferske. 

Begge dei komande ektefellene må fylla ut kvar si eigenerklæring, og forlovarane fyller ut forlovarerklæring. 

Nokre må fylla ut litt meir: Har du vore gift før, må du også fylla inn ei erklæring om skifte. Ynskjer du å skifta namn, må du fylla ut melding om endring av namn. Alt kan fyllast ut digitalt via Skatteetaten sine nettsider. 

 

Når saka er ferdig behandla, får de melding om å logga inn i Altinn for å lasta ned prøvingsattesten som stadfestar at de kan gifta dykk. De kan velja om prøvingsattesten skal sendast vidare til vigslar i ein e-post, eller om de vil skriva attesten ut og ta med. Når dette er gjort er de klare for å inngå ekteskap.

 

Under vigslinga må de vera til stades to vitne, desse kan vera forlovarane. Brudeparet må seinast ei veke før vigsel ha levert gyldig legitimasjon til servicetorget på Voss tinghus, som tek kopi. 

Om dei som skal gifta seg er utanlandske statsborgarar må dei dokumentera lovleg opphald i Noreg på tidspunkt for vigsling. Utanlandske statsborgarar må òg senda prøvingsattesten ein dag på førehand. 

 

Seremoni

Ved vigsling på Voss tinghus held kommunen eigna lokale. Her er det pynta med ljos, kvit duk og blom på vigselsbordet. Ønskjer ein pynt utover dette, må brudeparet sjølve stå for det. Om det skal vera kulturelle innslag under sjølve vigslinga, må de melda frå om dette på førehand. 

Dersom brudeparet ynskjer å gifta seg andre stader enn på Voss tinghus, må brudeparet sjølv syta for lokale og alle eventuelle løyve som må vera på plass. Tid og stad utanom Voss tinghus må avtalast med vedkomande som skal stå for vigslinga. 

Sjølve vigslinga skjer etter faste reglar. Vigslaren les "Det borgarlege vigselsformularet".  Deretter spør vigslaren dykk om de vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar de, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.

Kommunen sender vigselmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet, med kopi til dykk. Denne fungerer som vigselattest fram til de får attest frå Folkeregisteret.

 

Kostnad

Vigsling måndag til fredag mellom kl. 10.00-15.30 på Voss tinghus (eventuelt ute like ved Tinghuset), er gratis for brudepar busett på Voss. Om vigselen skal skje til andre stader og tider, må brudeparet betala ein fast sum på kr 2500,- som dekker løn, reise og andre kostnadar kommunen har. Om det er behov for tolk, er dette noko brudeparet må dekka.

For brudepar som ikkje er busett på Voss kostar vigsel innanfor ordinær arbeidstid 1000,-. Betaling gjennom Vipps, søk etter Voss kommune, og klikk på kommunal vigsel for betaling. 

Eventuelle løyve som må på plass ved vigsling ute, må brudeparet sjølve stå for. Tinging og kostandar til lokale, pynt og eventuelle kulturelle innslag må også organiserast og betalast av brudeparet.

Kontakt

Om du ønskjer å gifta deg på Voss, gå inn på dette skjemaet, eller klikk deg inn på skjema for registrering i menyen til høgre. 

Fann du det du leita etter?