Voss idrottsråd

Idrottsråda er frå 1987 lovfesta organ som kvar kommune skal oppretta. Idrottsrådet er oppretta for at idrottslag, organisasjonar og klubbar skal ha eit eige fellesorgan i kommunen, valt av laga sjølve for å samordna, prioritera, fremja og fylgja opp laga sine interesser overfor kommunen, og koordinera arbeidet laga imellom. Idrottsrådet si hovudoppgåve er difor å arbeida for best moglege rammevilkår for idretten i den enkelte kommune.

Publisert av Silje Stubø Solstad. Sist endra 22.12.2014
Fann du det du leita etter?