Bli frivillig

Vil du gjera ein innsats for andre?
Å jobba som frivillig er meiningsfullt, kjekt, sosialt og kompetansegjevande.

Kven kan vera frivillig?

  • Du som vil bruka fritida di til å hjelpe andre.
  • Du som har blitt pensjonist og synest dagane blir litt lange.
  • Du som er ung og vil auka livserfaringa di gjennom kontakt med andre menneske.
  • Du som er arbeidssøkjar og ynskjer å gjera noko positivt i ei vanskeleg jobbsøkjingstid.
  • Du som ynskjer å vera eit medmenneske.

 

Friskus – ein digital møteplass for aktivitet og frivillighet for alle!

Friskus er ein aktivitetskalendar med spennande arrangement og frivillige oppdrag i nærleiken av deg. Kalendaren gjev deg som innbyggjar høve til å filtrere på både interesse og stad.

Klikk for stort bilete

 

 

 

Bli med i Voss Kommune sitt Frivilligteam

Voss Kommune ynskjer å leggja til rette for endå meir frivillig innsats i våre kommunale helse- og omsorgstenester. Det er allereie eit stort mangfald av einskildpersonar og organisasjonar som bidreg, og det pågår ei rekkje aktivitetar som besøksteneste, ulike enkeltarrangement, ulike aktivitetstilbod, følgjeteneste, ein-til-ein hjelp, praktisk arbeid, trim-, trenings- og turgrupper, og underhaldning.

Ein aktiv, innovativ og levande frivillig sektor bidreg til eit inkluderande lokalsamfunn der flest mogleg i alle aldrar kan leva aktive og meiningsfulle liv, og bidreg til å hindra einsemd og utanforskap gjennom å leggja til rette for aktivitetar og fellesskap med andre. Frivillig aktivitet er i seg sjølv positivt for helsa. Me veit at trygge nærmiljø førebyggjer psykiske helseproblem, og det å trekkja menneske ut av isolasjon eller einsemd, og inn i fellesskap og trivsel, er helsefremjande.

Frivilligheita og kommunen har ulike, men komplementære rollar i samfunnet. Våre frivillige skal vera eit supplement til det profesjonelle arbeidet, utan å vera ei erstatning for dette. Intensjonen vår er å leggja til rette for auka deltaking i frivilligheit slik at me saman kan tilby innbyggjarane våre best moglege opplevingar når dei treng det mest.

 

Informasjon:
Fyll ut søknadsskjema dersom du ynskjer å verta frivillig. Fyll så ut nøyaktig som mogleg og ver observant på følgjande:

1 . For å verta frivillig må du ha fylt 16 år, vera påliteleg og trygg på deg sjølv. Det er ikkje krav om fagbakgrunn. I nokre få tilfelle kan ein vera under 16.

2 . Frivillige må skriva under på skjema for teieplikt. Teieplikta inneber at du ikkje skal la utanforståande få kjennskapar til personlege tilhøve rundt dei som du kjem i kontakt med.

3 . Det er og eit krav om politiattest for frivillige som utfører oppdrag for mindreårige eller utviklingshemma. I følgje Politiregisterforskriften § 34-1 kan frivillige organisasjonar henta inn avgrensa politiattest frå ”personar som, lønna eller ulønna, utfører eller skal utføra oppgåver for organisasjonen som inneber ei tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming”. Personane det skal hentast attest frå, må vera over 15 år. Søkjar har sjølv ansvar for å innhenta politiattest etter at samarbeidsavtale er signert.

 

Alle som ynskjer å vere frivillige, går gjennom ein rekrutteringsprosess:

  • Informasjon: Alle interesserte får informasjon om tenesta frå frivilligkoordinator
  • Intervju: Alle aktuelle kandidatar vert intervjua av frivilligkoordinator
  • Samarbeidsavtale: Voss Kommune og den frivillige inngår ein samarbeidsavtale
  • Kurs: Meir praktisk informasjon om helse- og omsorg sine kommunale tenester, kultur, verdiar, etikk, kommunikasjon, plikter og rettar i høve til brukarar.
  • Løpande oppfølging: Alle frivillige medarbeidarar vert følgde opp av frivilligkoordinator
Fann du det du leita etter?