Administrasjon

Voss kommune sin administrasjon er organisert i fire kommunalavdelingar direkte underlagt rådmannen. Kvar avdeling er leia av ein kommunalsjef, som saman utgjer rådmannen si leiargruppe. 

Einar Hauge er rådmann i Voss kommune .

Rådmannen er den øvste administrative leiaren i kommunen, med overordna ansvar for å leie og utvikle Voss kommune og dei over 1200 tilsette. Han har ansvar for at saker som vert lagde fram for politisk handsaming er forsvarleg utgreidde, og at vedtaka vert iverksett. Rådmannen rapporterer til formannskap/ordførar.

 

Dei fire kommunalavdelingane er

  • Kommunalavdeling helse- og omsorg, kommunalsjef er Kjersti Nordanger
  • Kommunalavdeling oppvekst, kommunalsjef er Else Berit Kyte
  • Kommunalavdeling teknisk, kommunalsjef er Torbjørg Austrud
  • Kommunalavdeling kultur og fritid, kommunalsjef er Gunnhild Utkvitne

I tillegg har kommunen ein eigen stab som er direkte underlagt rådmannen. Staben har ansvar for følgjande område:

  • Strategisk personalutvikling - personalpolitikk - personaladministrasjon
  • IKT: Drift, utvikling og brukarstøtte
  • HMS: Helse, miljø og sikkerheit, koordinering av IA arbeid (inkluderande arbeidsliv)
  • Koordinering av beredskapsarbeidet
  • Miljøvern
  • Opplæring/kompetanseutvikling
  • Organisasjonsutvikling, overordna planlegging
  • Økonomi, rekneskap, skatteinnkrevjing, fakturering og innkrevjing
  • Innkjøp
  • Arkiv/dokumentsenter og servicetorg
  • Informasjon (internett og intranett)

 

Fann du det du leita etter?