Inntektsgradert foreldrebetaling i barnehage

Retningslinjer for redusert foreldrebetaling

Stortinget har vedteke nasjonal ordning for inntektsgradert foreldrebetaling i barnehage. Ingen hushaldning skal betala meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå hushaldninga si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Hushaldningar er definert som ektefeller, registrerte partnarar/sambuarar, forsørgjarar med delt omsorg og einslege forsørgjarar.

  • To moderasjonsordningar for hushaldningar med låg inntekt:
    1. Frå 1. august 2018 gjeld det for hushaldningar som har samla inntekt lågare enn kr.533.500,-.
    2. Frå 1.august 2018 har alle 3-, 4- og 5 åringar, og born med utsett skulestart rett til 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke. Denne ordninga gjeld hushaldningar som har samla inntekt lågare enn kr. 533.500,- (i fylgje revidert nasjonalbudsjett 2017)

            Søskenmoderasjon blir gitt i samsvar med gjeldande Stortingsvedtak, f.t. med 30 % for 2.             barnet, 50 % for 3. barnet og kvart barn utover dette, jf. Vedtekter for kommunale                                    barnehagar § 17 Foreldrebetaling.

  • Inntekt: Den samla inntekta til hushaldninga er utgangspunktet for eventuell inntektsgradert foreldrebetaling. Inntekt vert definert som bruttoløn, kontantstønad, pensjon, trygdeytingar (unnateke barnetrygd, grunn- og hjelpestønad), inntekt frå eiga verksemd, omsorgsløn, barnebidrag, bustønad, stipend, studielån og sosialhjelp.
  • Dokumentasjon: Siste års skattemelding/skatteoppgjer skal brukast som dokumentasjon. Dersom inntekt er høgare eller lågare enn denne viser, må det dokumenterast på annan måte, t.d. med lønnsslipp. Manglande skattemelding/skatteoppgjer t.d. som følgje av kort butid i landet kan kompenserast med annan dokumentasjon som lønnsslipp eller liknande. Slik dokumentasjon må vera av nyare dato, maks.1 månad gamal.

Dokumentasjonen må leverast elektronisk eller på papir, og må føreliggja seinast ei veke etter søknadsdato, elles vert søknaden lagt vekk.

  • Innvilga redusert foreldrebetaling trer i kraft månaden etter at godkjend dokumentasjon er motteken, og gjeld frå vedtak er fatta og ut inneverande barnehageår. Etter perioden med innvilga reduksjon, må det søkjast på nytt med ny dokumentasjon.

Det skal søkjast om redusert foreldrebetaling på kommunen sin portal for barnehage og SFO, https://oppvekst.voss.kommune.no

For å fremja søknaden må du vere innlogga i portalen.

Fann du det du leita etter?