Vossevangen vassbehandlingsanlegg

Vossevangen Vassbehandlingsanlegg byrja å produsere vatn i 1998. 

Grunnvatn/råvatn vert pumpa opp frå Prestegardsmoområdet og behandla ved hjelp av marmor og luft. På den måten tileignar ein vatnet eigenskapar slik at de oppfyller alle krava. Ein kan lese drikkevannsforskriften her. Reint vatn produsert frå vassbehandlingsanlegget har om lag pH=8.0. For å ha bedre oversikt over vasskvalitet tar vi vassprøvane frå forskjellige punkter av leidningsnettet med regelmessige mellomrom. Ved bruk av online overvakingssystem er vassverk stadig under kontroll og produserer cirka 4000 m3 av vatn kvar dag.

Vassverka skal vera ein næringsmiddelprodusent.

Vasskvalitet ut frå anlegget skal vera i samsvar med gjeldande krav.

Vassverka har innført internkontrollsystem kalla IK-MAT. Systemet skal sikra at anlegga vert drive etter dei lover og forskrifter som gjeld på næringsmiddelområdet.