Voss reinseanlegg

Hovudreinseanlegget i Gjernesmoen vart sett i drift i 1990. Reinseanlegget har mekanisk, biologisk og kjemiske reinsetrinn samt ein rotnetank for slam.  

Anlegget er dimensjonert for 20.000 pe. 8.100 fast busette er tilknytt. Kap 14 i Forurensningsforskrifta set krav til drift og reinseresultat.

 

Slammet som vert tatt ut av avløpsvatnet vert pumpa opp i rotnetanken der ein har ei opphaldstid på ca 20 dager i 37oC utan luft. Ein får då ei redusert mengde organisk substans i slammet, og utvinn biogass. Denne gassen vert brukt til oppvarming av reinseanlegget. Slammet går vidare til avvatning og sidan vert det køyrt til Grøn vekst Vestlandet som lager jordprodukt.

Det reinsa vatnet vert sleppt ut på om lag 15 meter djup i Vangsvatnet. Vangsvatnet er av god badekvalitet med akseptabelt bakterieinnhald.

 

Les meir om reinseprosessen (PDF, 37 kB)

 

Voss kommune bygger i perioden 2014 fram mot 2017 fem nye kompakte små reinseanlegg. Dei ligg i nokre av tettstadane på bygda.