Voss kommune støttar kampen for Voss meieri

Klikk for stort bileteFrå markeringa til støtte for meieriet 1. maiI ein høyringsuttale til Tine oppmodar Voss kommune sin ordførar om å ikkje vedta nedlegging av Voss meieri. Oppsummeringa av uttalen er slik:

Voss kommune ber Tine avventa med å gjera eit nedleggingsvedtak for Voss meieri. Det er som sagt eit skifte
på gang, både blant innbyggjarar og i politiske miljø som handlar om å verkeleg setja bremsene på for
sentralisering og manglande distriktspolitikk
Voss kommune ber Tine ta særleg omsyn til tryggleik, med tanke på transport, og ta særleg om syn til klima. Eit
meieri på Voss vil føra til mindre transport for Tine og klimaavtrykket vil vera eit heilt anna. Dette er å ta
samfunnsansvar, slik alle verksemder om kort tid må.
Voss kommune ber Tine å gjera ein grundig gjennomgang av risiko og sårbarheit med færre anlegg . Tine må
ikkje vera for kortsiktige og leggja dagens absolutte rammevilkår til grunn, men våga å sjå inn i framtida. Tenk
nøye gjennom Tine sitt ansvar for at all inntransport av mjølk skjer på ein trygg og god måte og ikkje skyv alle
problema over på transportørane og sjåførane.
Dagens strukturrapport er den 4. i rekkja dei siste 15 åra der Voss er føreslått lagt ned. Leiinga i TINE står i dag
fram og prisar seg lukkeleg for at Tine meieriet Voss ikkje har vorte nedlagt tidlegare. Me trur at held ein fram
med Tine meieriet Voss, vil det òg vera situasjonen i framtida. Det vil vera til det beste Tine, dei tilsette,
bøndene og for Voss kommunen.
La meieriet på Voss leva vidare!

 

Fann du det du leita etter?