Voss kommune har mottatt oppseiing av arbeidsforhold

Voss kommune hadde i dag møte med ein tilsett ved Voss kulturhus der vedkomande ønskte å sei opp sitt arbeidsforhold i Voss kommune mot eit sluttvederlag. Vedkomande har sin siste arbeidsdag i Voss kommune i dag. Partane er samde om eit sluttvederlag på kr 675 000.

 

Rådmannen viser til at det frå arbeidsgjevar si side sommaren 2018 vart signalisert at kommunen var innstilt på å diskutera individuelle løysingar med tilsette ved Voss kulturhus som eit tiltak i arbeidet med å løysa arbeidsmiljøutfordringane der. 

 

Rådmannen aksepterer oppseiinga og er tilfreds med at partane har funne fram til denne løysinga.

Fann du det du leita etter?