Vêrstasjonen er flytta

Klikk for stort bilete  

Målestasjonen til Meteorologisk institutt (MET) i Prestegardsmoen er no flytta. Det betyr at alle målingane no vert offisielle.

Vêrstasjonen har dei siste åra stått for nær ei mogleg varmekjelde, slik at alle temperaturane frå Vossevangen ikkje har vore godkjende.

Voss kommune har saman med MET vurdert ulike plasseringar, og har no sett denne opp ved tennisbanen i Prestegardsmoen, om lag ti meter vekk frå den opphavelege plasseringa.

Dette gjer at alle temperaturmålingane frå no vil verta godkjende i vêrstatistikken.