Varsling - oppstart av mindre endring eller reguleringsendring - Bolstadøyri stasjon, planid 2017009

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-8 og 12-14  vert det varsla om mindre endring eller reguleringsendring av gjeldande reguleringsplan for Bolstadøyri stasjon (planid 09006). Bakgrunnen for planendringa er pågåande detaljprosjektering av Bolstadøyri kryssingsspor, og behov for endring av gjeldande plan. Det vert føreslått endring i plankartet i form av sporplassering, høgde og retning på ny vegbru, fortau over ny vegbru er tatt ut, samt justering på kryssløysing mellom vegbru og eksisterande veganlegg i sør. Mellombelse bygge- og anleggsområder vert tatt inn i plankartet. I føresegnene vert det føreslått tilføyingar som sikrar miljø og vassdrag, samt justeringar etter endringane i plankartet.

Etter plan- og bygningslova § 17-4 vert det samstundes varsla oppstart av forhandlingar om ein utbyggingsavtale mellom Voss kommune og Bane NOR for gjennomføring av planen.

Multiconsult Norge AS utarbeider planforslaget på vegne av forslagsstillar Bane NOR.

Vedlegg:
Varsel om oppstart av mindre endring eller reguleringsendring av reguleringsplan (PDF, 3 MB)
Plankart - endringsforslag (PDF, 6 MB)
Føresegner - endringsforslag (PDF, 251 kB)
Planomtale - endringsforslag (PDF, 9 MB)

Resten av dokumenta i saka finn du i planregisteret, planid 2017009.

Det vert invitert til ope informasjonsmøte på Bolstadøyri grendahus torsdag 5. september kl. 18.00.

Frist for å komme med innspel er 23. september 2019.
Innspel og merknader til planarbeidet må sendast skriftleg til Multiconsult, Nesttunbrekka 99, 5221 NESTTUN, eller på e-post til Linnea Kvinge Karlsen: Linnea.Kvinge.Karlsen@multiconsult.no

Fann du det du leita etter?