Varsling - mindre reguleringsendring - Nordre Urdland i Voss kommune, planid 04025

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-14  vert det med dette varsla om mindre endring for reguleringsplan Nordre Urdland. Bruket arkitektur AS søkjer på vegne av tiltakshavar Sverre Amundsen og Ole Andre Eikeberg om mindre reguleringsendring.

Føremålet med reguleringsendringa er å legge til rette for inntil 6 hytter og auka total BRA. Dvs. det er lagt inn ei ny tomt. I gjeldande plan er samla bruksareal BRA inntil 115 kvm, det kan førast opp to frittliggjande uthus på kvar inntil 15 kvm. Endringa legg opp til ein total BRA på 150 kvm, og to frittliggjande uthus på inntil 20 kvm. Sjå dokument under:
Varsel om mindre reguleringsendring for Nordre Urdland Hyttefelt planid. 1235 04025 (PDF, 316 kB)
Detaljregulering Nordre Urdland Hyttefelt - Plankart (PDF, 463 kB)
Detaljregulering Nordre Urdland Hyttefelt - Reguleringsføresegner (PDF, 106 kB)

Frist for å komme med innspel er 9. mai 2019.
Innspel skal sendast til BRUKET arkitektur AS, postboks 123, 5701 Voss eller post@bruketark.no.

Fann du det du leita etter?