Utdeling av jubileumsklokker

Rad 1 frå venstre: Randi Hommedal, Sissel Bolstad Nesheim, Jorunn Gjøstein, Lilly Farestveit, Hanne Siri Bolstad, Brita Ekehaug, Marit Vinje Devik Rad 2 frå venstre: Ordførar Hans Erik Ringkjøb, Lilly Karin Helland, Gro Brekke Vaksdal, Inger Marie Midthun, Synnøve Tveit Rad 3 frå venstre: Geir Ove Riple, Berit Bjørge Ringheim, Bergfrid Herheim, Aud Jorunn Valdersnes, Kari Sandvik Gjerme Ikkje til stades: Ingrid Dagestad, Valborg Kløve-Graue, Wenche Anette Pugh, Kari Øvsthus

Voss kommune har tradisjon for å dele ut klokker til tilsette som har 25 års tenestetid i kommunen. Utdelinga i år fann stad 20.november i kantina på Tinghuset, med kommunalsjefar, rådmann og ordførar til stades. I 2018 er det 20 tilsette som mottar klokke, og 16 av desse var til stades på samling. 

Kvelden starta med vakkert pianospel av kulturskulevelar,  så vart jubilantane servert 2-rettars middag, kake og kaffi.  Samlinga vart avslutta med tale frå ordføraren før han delte ut klokkene til kvar enkelt.

Fann du det du leita etter?