Tilskot til klimatiltak 2019

Innkjøp av reintbrennande vedovn
Miljø- og kulturutvalet har vedteke at det skal vidareførast ei tilskotsordning for innkjøp av ny reintbrennande vedovn og fjerning av gamle ved- og oljeovnar i Voss kommune. Tilskotssatsen er kr. 3000 pr. ovn.

Fjerning av oljefyr
Tilsvarande kan ein få tilskot for å fjerna gamle oljetankar. Tilskotssatsen er kr. 3000 pr. tank

Innkjøp av EL- sykkel
Ved innkjøp av ny El-sykkel kan ein få kr. 3000 i tilskot pr. sykkel

 

Ordningane gjeld frå 18.03.2019 og så langt dei avsette midlane rekk. Søknadsskjema finn du under miljøtiltak i skjemaoversikta på heimesida, eller du kan få det på kommunen sitt Servicetorg.

 

Skjemaet må personleg leverast i servicetorget og vert då påført eit nummer som vil bli lagt til grunn ved prioritering av søknaden ( "første mann til mølla prinsippet"). Dokumentasjon for kjøp av ny vedovn/ El- sykkel og innlevering av gamal omn/ oljetank må framleggjast før utbetaling kan skje.

Fann du det du leita etter?