Storbrann i Bavallen

Foto: Voss brannvern

Til alt hell vart ingen alvorleg skadd i den dramatiske brannen i Voss Resort natt til 1. januar. Seks leilegheiter er råka av brannen. 25 personar vart sendt til sjukehus, men ingen var alvorleg skadd. Til saman 82 personar vart evakuerte til Fleischers hotell.

Politiet har i samråd med Voss brannvern opna opp for at dei som ikkje er direkte råka kan reisa attende til hyttene sine.

Voss kommune er glad for innsatsen som brannvern, politi og ambulanseteneste har lagt ned. Voss kommune takkar også Fleischers Hotell som raskt stilte opp med innkvartering.

Helsepersonell frå det kommunale kriseteamet har vore på plass hjå dei evakuerte.

Voss Resort fylgjer opp gjestene sine i tett dialog med politi og Voss kommune.

Fann du det du leita etter?