Stemmer ikkje lenger arealet du har på garden med landbruksregisteret?

NIBIO har ansvar for gardskartet som viser klassifisering av areal på gardsnivå. Med jamne mellomrom justerer NIBIO areala med utgangspunkt i flyfoto. Dette vart gjort seinast våren 2018 og vil kunne gje endring i areala som føretaket kan søkje produksjonstilskot for. Det vert ikkje sendt automatisk informasjon til gardbrukarane om desse endringane.

Har du spørsmål knytt til din eigedom kan du sende konkrete spørsmål knytt til ditt gards- og bruksnummer til NIBIO adresse: gisdrift@nibio.no

innmarksbeite som gror igjen, vil etter ei tid få status "skog"

Fann du det du leita etter?