Spesielle miljøtiltskot i jordbruket, SMIL søknadsfrist 1.mai

Spesielle miljøtilskot i jordbruket "SMIL" har søknadsfrist 1.mai.

Landbruksføretak med rett til produksjonstilskot, og eigarar av gardar der det føregår slik drift, kan få tilskot til miljøtiltak "utover vanleg landbruksdrift".

Tiltak for biologisk mangfald, ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø, klimatilpassingstiltak og planleggings og tilretteleggingstiltak kan få tilskot. Søknaden skal frå 2019 skje gjennom elektronisk skjema, som du finn på landbruksdirektoratet.no saman med meir informasjon om ordninga og korleis du søkjer.

Klikk for stort bilete

Voss kommune har i 2019 mottatt kr 430 000 til spesielle miljøtiltak i jordbruket av ein pott i Hordaland på 5,01 mill.  Midlane vert fordelt til kommunane gjennom fylkesmannen.  Formålet med tilskotet er jf forskrifta:  å fremme natur- og kulturminneverdiene i jordbrukets kulturlandskap og redusere forurensningen fra jordbruket, utover det som kan forventes gjennom vanlig jordbruksdrift.

Det kan søkjast om tilskot til
• Rydding av kulturmark, tiltak for biologisk mangfald, fjerning av framande, skadelege organismar
• Ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø
• Hindra erosjon, ureining og avrenning
• Klimatilpassingstiltak
• Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt.
• Tiltak som legg til rette for større tilgjenge og auka opplevingsverdi i landskapet
Søknad skal leverast elektronisk gjennom Altinn med fotodokumentasjon, kart og kostnadsoverslag. Jordbruksføretak med rett til produksjonstilskot Klikk for stort bilete eller gardsbruk som har slik drift, kan søkja.
Søknadsfrist 1. mai.

Fann du det du leita etter?