Søknadar om produksjonstilskot 2018

Voss kommune har handsama 349 søknadar om produksjonstilskot i 2018, dette er ein nedgang  på totalt 15 frå 2017. I 2017 fekk 357 føretak utbetalt produksjonstilskot. Antal storfe og mjølkeku har auka i kommunen. 

Av føretaka som søkte tilskot i 2018 søkte 111 føretak  tilskot til mjølkekyr  totalt 2581 kyr. Det er ei nedgang på 2 føretak men ei auke på 69 kyr. Den gjennomsnittlege storleiken på mjølkebruka i Voss er dermed 23 kyr. Det er 141 føretak som har storfe, totalt 4294 dyr. Det er ein nedgang på 7 føretak, men ei auke på 180 dyr. I snitt har føretaka 30,5 storfe utanom mjølkekyr. Det er 23 føretak som har ammekyr, det same som i 2017. Tal ammekyr er litt redusert frå 205 til 178 dyr. Det er 217 føretak som har 9622 vinterfora søyer i 2018. Det er ein reduksjon på 9 føretak og 122 færre søyer målt mot 2017.

Anna dyrehald er beskjeden i samanlikning: 2 føretak har melkegeit, totalt 240 dyr, 5 føretak held avlspurker (96 dyr), 7 føretak har slaktegriser (950 dyr), 11 føretak har verpehøns. 3 føretak har kanin til ullproduksjon

Av areal har 352 føretak søkt på tilskot til grovfordyrking. Det er ei nedgang på 10 føretak frå 2017. Totalt er det 50 357 daa grovfôr, som er ein nedgang på 28 daa frå året før. Av andre produksjonar enn grovfôr er det 19 daa korn, 6 daa potet, 14 daa grønsaker, 6 daa frukt og 3 daa bær, totalt auke desse produksjonane med 7 daa.Klikk for stort bilete

Fann du det du leita etter?