Søknad om utslepp

I område utan offentleg leidningsnett må det søkjast om separat utsleppsløyve.  

Kommunen er forureiningsmyndigheit og har ansvaret for utsleppsløyver for alle utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter, turistbedrifter og liknande verksemd. Utslepp mindre enn 50 pe. vert sakshandsama av Byggesak. Krav til slike anlegg er heimla i kap 11 og 12 i forureingsforskrifta.  Utslepp større enn 50 pe vert sakshandsama av driftsavdelinga. Krav til slike anlegg er heimla i kap 13 i forurensninsforskrifta. I forskrifta stillast det strenge krav til innhaldet i søknad om utsleppsløyve, blant anna krav til dokumentasjon av reinsekrav.

Søknadskjema for reinseanlegg mindre enn 50 pe finn ein her (PDF, 164 kB).

Retningsliner for spreidd avløp finn du her.

Søknadskjema for reinseanlegg større enn 50 pe finn ein her (PDF, 160 kB).

Krav til tilkomstvegen til nye anlegg finn ein i Forskrift om tømming av avløpsanlegg og betaling av gebyr (PDF, 32 kB).