Søk regionalt miljøtilskot

Klikk for stort bilete

 

Frist for å søkje Regionalt miljøtilskot (RMP) for føretaka er 20.september. Tilskotsordninga har som mål å bidra til at kulturlandskapet i Hordaland vert halde i hevd og at jordbruket vert drive forsvarleg i høve miljø.

Regionalt Miljøprogram omfattar ordningar som gjev tilskot til særskilt skjøtsel av kulturlandskap, biologisk mangfald og kulturminne, dessutan tilskot for reduksjon av utslepp til vatn og luft. Konkret er dette tilskot til drift av bratt areal, beite i utmark organisert gjennom beitelag, skjøtsel av gravminne/gravfelt/freda kulturminne, skjøtsel av steingardar m.fl. Drift av seter, skjøtsel av artsrike beite- og slåttemarker og skjøtsel av styvingstre. Tilskot til miljøvennleg gjødsling vert gjeve der ein m.a. gjødslar med nedleggingsutstyr og slepeslange. Ved å legge gjødsla direkte på bakken oppnår ein ei høgare utnyttingsgrad av gjødsla og redusert tap til luft. Bruk av slepeslange skal redusere jordpakking. Andre krav er definert i vrettleiingsheftet.

I 2016 søkte 212 føretak i Voss kommune RMP-tilskot og tilsaman vart det utbetalt vel 3,8 mill. til landbruket på Voss frå denne ordninga. Før ein søkjer er det viktig å sette seg inn til dei ulike ordningane, sjå rettleiingsheftet for meir informasjon.

 

Klikk for stort bilete

Søknadsfrist 20.september gjeld alle miljøtilskot føretaka kan søkje på, tilskot til drift av beitelag OBB) har søknadsfrist 15.november.