Søk produksjonstilskot i jordbruket, frist 15.oktober 2017

Frå og med 1.oktober kan du levere del 2 av søknaden om produksjonstilskot i jordbruket. Søknadsfristen er 15.oktober.

Du kan no m.a. søkje om:

  • Tilskot ved ferie og fritid 2017
  • Tilskot til husdyr
  • Areal og kulturlandskapstillegg
  • Tilskot til dyr på beite og utmarksbeite
  • Tilskot til økologisk husdyr/areal
  • Driftstilskot til mjølkeproduksjon

Du finn søknadsskjemaet og god informasjon om ordningane og korleis søkja på www.landbruksdirektoratet.no/no/produksjon-og-marked/produksjonstilskudd/  I 2017 er søknadssystemet lagt om frå tidlegare år, ser annleis ut enn det gamle skjemaet og har nokre nye funksjonar. Det er ikkje lengre høve til å levere søknad på papir.

Klikk for stort bilete