Søk om tilskot til utsiktsrydding, frist 1.oktober

Tilskot til utsiktsrydding vert avvikla ved nyttår. Det står att om lag 1 mill. kroner til fordeling til føretak i Hordaland og Sogn og Fjordane. Innsendingsfristen til Fylkesmannen er 1. oktober, og søknader med beiting etter utført rydding vil bli prioriterte.

Tilskot til utsiktsrydding gjeld rydding av areal langs veg eller sti som er open for ålmenta der ryddinga vil gje auka utsikt frå vegen eller stien til landbruket sitt kulturlandskap. Søkar må ha organisasjonsnummer, vere grunneigar eller ha grunneigarløyve for å kunne søke.

Les meir om ordninga hos Fylkesmannen i Vestland sine sider

Fann du det du leita etter?