Slamtømming

Det er innført tvungen slamtømming i Voss kommune.  

All slamtømming skal utførast av den renovatøren Voss kommune har kontrakt med. Dette er nærare beskrive i Forskrift om tømming av avløpsanlegg og betaling av gebyr i Voss kommune (PDF, 32 kB) 

Voss kommune har kontrakt med Johny Birkeland Transport (JBT). JBT er medeigar i Grøn Vekst Vestlandet. Voss kommune leverer om lag 2.000 tonn slam i året hit. Slammet vert nytta i forskjellege jordforbetringsprodukt.