Retningsliner for spreidd avløp i Voss kommune

Vedtatt i utval for miljø og kultur 10.05.2012. Sak 14/12. Gjeldande frå 01.07.2012. 

1. For alle typar bygg

1.1 Innlagt vatn er vatn frå vassverk, brønn, cisterneanlegg med tank på over 50 liter, og liknande som går i røyr innvendig. Vatn ført til husvegg er ikkje innlagd vatn.

1.2 Alle avløpsanlegg med slamavskiljar skal kunne nåast med slamsugebil, og ha køyrbar veg; veg som toler akseltrykk på minst 8 tonn, har stigningstilhøve, kurvatur og breidd for slamtømebil, samt snuplass for denne.

1.3 Ved større påbygg/tilbygg/ombyggingar/bruksendring /våtrom som vil kunne medføre auka tilførsle til avløpsanlegget, skal det krevjast ny søknad om utsleppsløyve dersom det ikkje kan leggast fram dokumentasjon på at eksisterande anlegg oppfyller reinsekrava.

1.4 Avløpsanlegg skal tole maksimalbelastning i bygning.
Omsøkt pe-storleik for avløpsanlegg skal alltid vere stor nok til å dekke veke med høgast belastning gjennom året. Dersom tilførsla er sesongprega, skal belastning i høgsesongen leggast til grunn for pe-utrekning.

1.5 Der det vert sett krav om VA-plan skal denne vere godkjent før utsleppsløyve kan gjevast. Krav til VA-plan er heimla i Forureiningslova § 11, 4.ledd.

1.6 Tett tank kan vurderast som mellombels avløpsløysing i påvente av offentleg tilknyting, eller ved mellombels behov som ved større arrangement.

 

2. Bustader

2.1 Anlegg for ein bustad kan dimensjonerast for minst 6pe.

2.2 Der det i eit område skal byggast fleire bustader utan mogelegheit for tilkopling til eksisterande avløpsnett, kan felles avløpsløysing vurderast eller det skal utarbeidast VA-plan.

 

3. Fritidsbustader

3.1 Anlegg skal dimensjonerast etter tal sengeplassar og aldri mindre enn 5pe.

3.2 Alle fritidsbustader kan få løyve til utslepp av gråvatn.
Til gråvassanlegg  kan ein ikkje kople på vassklosett, vakumtoalett, urinal eller andre løysingar der klosettavløp heilt eller delvis kjem til anlegget.

3.3 Fritidsbustader i planområde der føresegnene seier at innlagd vatn ikkje er tillate, eller tillet VA-løysingar som ikkje er i tråd med Forureiningsføreskrifta kap 12 eller desse retningslinene, skal ha godkjent VA-plan før utsleppsløyve kan gjevast.

3.4 For fritidsbustader i LNF-område der avstand mellom bygningane tilsvarar at utbygging av området pr i dag ville føresatt detaljreguleringsplan, bør det krevjast VA-plan for området.

3.5 Der det er naturleg å sjå 2-3 fritidseigedomar ilag kan desse gå saman om fellesanlegg for svartvatn. Krav til VA-plan vil då ikkje bli stilt.

3.6 Fritidsbustader i LNF og avstand maksimalt 80 m til køyrbar veg, med maksimalt 6 høgdemeter stigning til vegkant, kan få løyve til utslepp av svartvatn. Dette gjeld ikkje for anlegg med slamtørkarar.