Rekruttering av frivillige på Amfi

 

Torsdag var Voss kommune, Voss frivilligsentral Nabobeino og Friskus å på plass på Amfi for å rekruttera frivillige. Målet er å leggja til rette for at alle som ynskje det kan få gjera ein frivillig innsats. I løpet av ein og ein halv time fekk forbipasserande og interesserte informasjon om frivillig arbeid på Voss, korleis ein kan melda seg som frivillig og kva ressurs frivillige er. Det vart også delt ut skjema der dei som ville kan registrera seg som frivillig. Friskus, den digitale møteplassen som er utvikla på Voss i samarbeid med Voss kommune, var også på plass, slik at dei som ville kunne få hjelp til å registrera seg. Frivillig arbeid er bra både for den som får hjelp, og den som gir hjelp. Her er nokre døme på kva du som frivillige kan bidra med:

  • Turven                                                                                                 
  • Handletur
  • Bera ved
  • Følge til lege eller andre
  • Hjelp til køyring
  • El-sykkelsjåfør
  • Besøksvenn både på institusjon og i heimen
  • Praktiske gjeremål i heimen
  • Følge til kulturarrangement eller anna
  • Handarbeid
  • Samtale- eller leseven
  • Fisketur
  • Friluftsliv
  • Følge til kyrkje
  • Telefonven
  • Og mange andre aktivitetar
Fann du det du leita etter?