Orientering frå Voss herad om skuleinnmeldinga 2020/2021 i Vossaskulene

15. til 17. november 2019 går det ut skriv til alle føresette som har born som skal starta i 1.klasse i 2020. Brevet er ei orientering om kva skule barnet har fått reservert plass ved. Dersom de ikkje mottek brev, tek de kontakt med kommunen.

Føresette loggar seg inn med ID-porten i «Portal for oppvekst» og stadfestar skuleplassen eller takkar nei.

Portal for oppvekst

Ein kan søkja om plass i SFO samstundes, men søknadsfristen her er 1.mars.
Elevane til Granvin barne- og ungdomsskule har innmelding direkte til skulen som før.

Velkommen i Vossaskulen.