Olje- og feittutskiljar

For verksemder som har olje- eller feitthaldig avløpsvatn må det søkjast særskilt om påslepp til kommunalt leidningsnett. 

Oljehaldig avløpsvatn

Oljehaldig avløpsvatn frå vaskeplassar, bensinstasjonar, bilverkstad o.l. skal passera sandfang og oljeutskiljar før det ledast til kommunalt nett, jf kap 15 forureiningsforskrifta. Det skal søkjast om påslepp av oljehaldig avløpsvatn til kommunen. Vilkår for påslepp av oljehaldig avløpsvatn (PDF, 112 kB) kan nyttast som informasjon i forkant av ein søkjeprosess.

Søknadskjema finn du her (PDF, 505 kB).
 

Feitt i avløpsvatnet

Alle typar serveringsstadar som lagar/serverar varm mat og alle næringsmiddel-verksemder med feitthaldig avløpsvatn skal ha installert feittutskiljar av ein viss størrelse før vatnet tilkoplast kommunal nett, jf. kap 15a forureiningsforskrifta.

Påslepp av matavfall som er malt opp til kommunalt avløpsnett frå verksemder og hushald er forbode i Voss kommune. Dette er i tråd med kap 15a forureiningsforskrifta.