Nye kommunale betalingssatsar og avgifter for 2019

Kommunale betalingssatsar og avgifter for 2019 vart vedteken i budsjett 2019.

Dei nye betalingssatsane ligg her. (PDF, 97 kB)

1. Skattlegging

Skatt på inntekt og formue vert utlikna med maks. sats for 2019.

2. Eigedomsskatt
I medhald av eigedomsskattelova §§ 2 og 3a, vert det i 2019 skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen.

  • Den alminnelege promillesatsen for 2019 er 7 promille, jfr eigedomsskattelova § 11 første ledd. Differensiert skattesats for eigedomar med sjølvstendige bueiningar for skatteåret 2019 er 3,0 promille, jf. esktl § 12a. Den same satsen skal også gjelde for fritidsbustader.

  • Eigedomsskatten skal betalast i tre terminar, 15.03, 15.06 og 15.10 i skatteåret , jfr esktl § 25 første ledd.

  • Kommunestyret fritek eigedommar etter §§ 7a og 7b i eigedomsskattelova. Liste vert lagt fram i eiga sak i kommunestyret innan utgangen av februar 2019.

3. Kommunale avgifter, gebyr og eigenbetaling vert endra slik:

  • Vass og avløpsavgifter er justert til 100 % dekning.

  • Kloakkavgift: 0 %

  • Vassavgift: 0 %

  • Septikavgift: 2,2 %

  • Renovasjon: 2,5 %

  • Feiing: 2,2 %

  • Barnehage i samsvar med maksimalpris.

  • Skulefritidsordning: 3,25 %

  • Kulturskulen: 2,4 %

  • Fellingsavgift for vilt følgjer staten sine maksimalsatsar.

  • Plangebyr 2,2 %

  • Oppmåling 2,2 %

  • Byggesak 2,2 %

  • Festeavgifter for gravstader. Vert lagt fram som eige sak grunna omlegging av avgiftene

  • Kommunale avgifter skal betalast i tre terminar: 15.03, 15.06 og 15.10.

4. Kommunestyret godkjenner låneopptak for 2019 slik som det vert vedteke i budsjettet for 2018. Lånesummen er kr 46 800 000. Nedbetalingstid er 25 år.

Rådmannen får fullmakt til å ta opp lån og godkjenne endelege lånevilkår, herunder å binde rente, for lån innarbeidd i budsjettet og vedteke av kommunestyret. Avdragstid og lånestorleik må vera innanfor dei grenser som er vedtekne av kommunestyret. Fullmakta gjeld i heile lånetida.
Rådmannen får fullmakt til å ta opp lån til refinansiering av eldre gjeld og til å slå saman gjeldande lån innanfor dei avdragsvilkår som er vedtekne ved opphaveleg låneopptak. Rådmannen har fullmakt til å godkjenne endra rentevilkår, herunder å binde renta, på alle eksisterande lån i heile avdragstida, jfr. økonomireglement.

Rådmannen får fullmakt til å kjøpe bustadeigedomar innafor ei økonomisk ramme på inntil 5 mill kr. Det er ein føresetnad at kjøp har inndekkning i avsette fondsmidlar eller frå salsinntekter.

5.  Satsane for eigenbetaling i omsorgstenestene følgjer staten sine maksimalsatsar.

Utval for levekår får fullmakt til å garantera for lån etter Lov om sosial omsorg, innanfor ei ramme på kr. 300 000,-.

Fann du det du leita etter?