Møt kreftkoordinatoren

Har du kreft eller er pårørande til nokon som er kreftsjuk? Eller prøver du å finna vegen attende til livet etter kreftsjukdom?

Kreftkoordinatoren kjenner moglegheitene og kva tilbod som finst. Kreftkoordinatoren har tid til å høyra på spørsmåla dine, og kan ofte gje gode svar. Om kreftkoordinatoren ikkje veit svaret, får du veta kven som kan hjelpa deg vidare.

Kreftkoordinator på Voss er Kirsti Buset. Besøk ho på Voss sjukeheim måndag, onsdag, torsdag og fredag, eller i biblioteket på Voss kulturhus tysdagane mellom kl. 13-15. Om du vil ringa har Kirsti telefon 992 07 129. Eller du kan senda ein e-post til kreftkoordinator@voss.kommune.no

Fann du det du leita etter?