Mindre kommunale reinseanlegg

Kommunen oppgraderar fem reinseanlegg i perioden 2014-2016: Vinje, Kroken, Haugsvik, Bolstad og Evanger. Desse anlegga vert oppgraderte til kjemisk/biologisk reinseanlegg. I tillegg har kommunen reinseanlegg som dekkjer bustadområda ved Framnes, Myrkdalen (Mørkve og Hirtalid), Rekve og Urdland. Desse reinseanlegga skal etterkomme krava i kap 13 i Forureiningsforskrifta.