Medalje og gode ord for lang og tru teneste

Klikk for stort bileteOnsdag fekk Berit Midttun medalje og gode or detter 41 år i Gryto. Kollegaer var med på feiringa    

Berit Midttun gir seg i Gryto, etter 41 år på post. Onsdag fekk ho medalje for lang og tru teneste av Det Kongelige Selskab for Norges Vel.

Fleire generasjonar med vossingar har brukt onsdagar og fredagar i ungdomstida saman med Berit Midttun. I ungdomsklubben Vangsgryto har Berit vore den som har halde ungdomstida saman for mange. No gjev ho seg, etter 41 år. At innsatsen hennar har sett spor hjå mange, var svært tydeleg då kollegaer, familie og eit knippe inviterte takka av Berit i kantina på Voss tinghus onsdag.

Frå Gryto til verda

- Eg grein meg til å få vera med her i dag, og få vera festleiar, sa Stig Hernes. Og drog opp fleire historier frå ungdomstida i Gryto. - Eg lærte å snurra plater i Gryto, eg lærte at ein kunne lita på folk og eg lærte at eg ikkje kunne lita på folk, kunne Hernes fortelja. Hovudperson Berit stadfesta og kommenterte undervegs. Nokon hadde ikkje høve til å vera med, men hadde sendt helsingar på video. Både Trude Storheim, Guri Solberg og Randi Fuglehaug snakka om ostesmørbrød, tryggleik og varme. Even Hegbom om alt dei fekk lov å prøva, både innan business og anna. Arne Hjeltnes sa at «får du til å snurra plater i Gryto, kan du koma kor langt som helst i verda».

Trond Storheim var til stades i kantina, og snakka om at miljøet og tryggleiken i ungdomsklubben betydde mykje for alle som var der, og trekte fram Berit Midttun sine evnar til å byggja relasjonar, og sjå alle. Anten dei utmerka seg positivt eller negativt, eller ikkje i det heile.

Heil ved

- Me hadde mange lærarar som snakka mykje. Men me høyrde på deg, Berit. Du er heil ved, sa politibetjent og tidlegare Gryto-gangar Jens Petter Gravning. Ruth Vedå og Gunn Iren Brenden frå politiet trekte fram Berit sin evne til å snakka med ungdomane, og motet hennar til å gå inn i situasjonar som andre kanskje viker unna.

- Eg såg Berit på Vangen, ein vanleg kvardag, der ho oppdaga nokon som frå ein bil sjikanerte nokon med innvandrarbakgrunn. Det fann ho seg ikkje i, og gav dei i bilen klar melding om at slik gjer ein ikkje. Det er ikkje alle som hadde gjort det, fortalde Gunn Iren Brenden.

Vel fortent medalje

Klikk for stort bileteMedaljen er forma av Brynjulf Bergslien, og laga ved myntverket på Kongsberg  Til slutt i samlinga i kantina var det rådmann Einar Hauge som tok ordet.

-Det har vore veldig kjekt å vera til stades her, og høyrt alle dei gode, som me ville sagt det på Sørlandet, vitnesbyrda om deg. Du har stått på i over 41 år for ungdommen på Voss. Dei har hatt stor glede og nytte av alt det du som vaksenperson har gitt dei. Eg vil seia at du har vore veldig mykje for veldig mange. Så lang og tru teneste på same arbeidsstad krev pågangsmot, at du er uthaldande og ikkje minst har arbeidsglede. Her er mange som set pris på deg, både ungdommen og arbeidsgjevaren. Som den personen du er, med alltid godt humør, positiv for arbeidsmiljøet og ikkje minst for den store innsatsen du har lagt ned for ungdommen i kommunen i over 41 år. Ut frå dette søkte difor kommunen Det Kongelige Selskab for Norges Vel om at du skulle medalje for lang og tru teneste. Direksjonen for det Kongelige Selskab for Norges Vel har behandla, og innvilga søknaden. Eg er stolt over å kunne overrekkja deg Norges Vel si medalje for lang og tru teneste. Den er vel fortent!