Larveriet på Voss fekk Miljøvernprisen 2018

Leiar i Miljø- og Kulturutvalet Vidar Skeie delte ut Miljøvernprisen 2018 til Larveriet på Voss under ei samkome på Tinghuset på mandag.

Frå venstre Jon Gjerde, Jakob Irgens Blakstad , Alexander Solstad Ringheim, Marie R. Sagen og Vidar Skeie (foto Gunnar Bergo)

 

Miljøvernprisen for 2018 er den 28 i rekkja som vert delt ut på Voss.  I statuttane for miljøvernprisen står det at; 

 

Prisen skal vera til heider og stimulans for einskildpersonar, lag eller bedrifter som har utmerka seg innan miljøvernarbeid i kommunen.

 

Prisvinnaren i år har fokus på  for- og matproduksjon ved bruk av nye ressursar. På bakgrunn av sitt kreative  arbeid med berekraftig for- og matvareproduksjon får Larveriet på Voss Miljøvernprisen 2018

 

Ei stadig veksande oppdrettsnæring krev aukande tilgang på mat til fisken. Samstundes bør maten vera berekraftig. Alexander Solstad Ringheim meiner svaret ligg i insektverda. Fisk har alltid levd av insekt, og forretningsideen er å nytta avfall frå næringsmiddelindustrien til å fôra opp larver, som igjen kan verta mat for fisken. Men bruk av larver til  petfood og fôr til kylling og gris er også aktuelt.

Insektslarvene vert malne opp til mjøl, som vert til fiskefôr. Dette mjølet har høg proteinverdi og er rikt på viktige næringsstoff som fisken treng. I dag er det store mengder avfall frå næringsmiddelindustrien. Berre frå epla i Hardanger ligg det tonnevis med potensiell mat for insekt, som kan brukast til vidare bioproduksjon. Dette vil vera ein berekraftig, miljøvenleg og økologisk produksjon.

Når larvar et, kjem det naturlegvis også ut noko i andre enden. I økosystem speler insekt ei uvurderleg rolle, særskilt for å gjere næringsstoff meir tilgjengeleg for plantar.

Dette er ikkje berre på grunn av innhaldet av næringsstoff, men også komplekse kjemiske og mikrobiologiske interaksjoner i jorda, som stimulerer veksten og immunforsvaret til plantane. 

Larveriet sel derfor også BLØME – eit kortreist organisk gjødsel. Produktet vert no seld på Hageland på Voss og ytterligere testing for dokumentert effekt foregår i Botanisk hage i Bergen.

Arbeidet til «Larveriet « på Voss er spennande og framtidsretta og Voss kommune ynskjer med utdeling av Miljøvernprisen 2018 å stimulera til ytterlegre arbeid med prosjektet.

Miljøvernprisen er som vanleg eit kunstverk av ein lokal kunstnar. I år er prisen eit grafisk trykk av Geir Nymark

Fann du det du leita etter?