LAN i Voss kulturhus

Klikk for stort bilete  

 

 18.-20. oktober vart meir enn 70 vossa-ungdommar samla til LAN over to netter det i Voss kulturhus.

Ungdomane, VossaLan, hadde regien på spel-oppsettet, medan tilsette frå Utekontakten var vaktar og vaksenkontaktar. Ungdommane spelte ei lang rekkje ulike spel, men hadde òg interne «turneringar», der dei spelte både med og mot kvarandre.  Det var slitne, men glade ungdomar som pakka sakene sine tidleg sundags-morgon, etter ei helg med gaming i eit stort fellesskap.

Dei årlege LAN-helgene er vorte svært populære, og talet på deltakarar har berre auka dei åra kulturavdelinga har arrangert dette. På vegne av VossaLAN, deltakande ungdommar og vaktene, ynskjer me å rette ein stor takk til Sigbjørn Fletre på IT for all teknisk bistand desse to kveldane, og ein stor takk til Nabobeino Voss, som stilte opp med vaktperson laurdag på svært kort varsel.