Kurs/kunnskapsoppbygging i regenerativt jordbruk

Husdyrhald og fruktproduksjon

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

L

Landbruket må tilpasse seg eit endra klima, og bidra til reduksjon av utslepp av klimagassar. Korleis gjer vi det, og kan vi gjere landbruket meir klimapositivt? Ved å auka fruktbarheita i jorda og betre jordstrukturen, kan vi truleg binde meir karbon i jorda. Prinsippa for regenerativt jordbruk har dette som målsetting. Gjennom to kursdagar i byrjinga av november vil du kunne bli med og undersøke korleis regenerativt jordbruk kan tilpassast vestlandsjordbruket.

Stad: Store Ringheim gard, Voss
Måndag 4.nov og tysdag 5.nov
Målgruppe: bønder, rådgjevarar, forvaltning, vegleiarar og andre fagfolk med interesse for landbruk  
Pris: kr 250/dag for bønder; kr 800/dag for alle andre.
Frist: 25.oktober
Arrangør: NLR Vest i samarbeid med Voss kommune, Njøs Næringsutvikling og Fylkesmannen i Vestland

Påmelding til NLR
Ope kveldsmøte 4. november kl. 19:30-21:00 på Ringheim gard

    

PROGRAM

Førelesarar

Martin Beck er sjølvstendig dansk landbruksrågjevar med 18 års røynsle som rådgjevar innan konvensjonell og økologisk planteproduksjon. Beck er utdanna ved Kongelig Dansk Veterinær-og landbohøjskole innan plante-produksjon, og har spesialisert seg i praktisk jordbiologi, kompostering, og planteproduksjon i open åkerkulturar, samt fruktproduksjon i seinare år. Han held kurs innan regenerativt jordbruk og er rådgjevar i for nordtyske og danske bønder

Vibhoda Holten er utdanna på Noreg Landbrukshøgskule (no NMBU) innan plantefag og agroøkologi, og har jobba innan forsking (NORSØK) og organisasjonar i 15 år, før han byrja som rådgjevar i VitalAnalyse. Holten rådgir innan jordfruktbarheit, jordanalyser og planteproduksjon

Samson Øpstad ein av Noregs mest kunnskapsrike på grovfôrdyrking på vestlandet og har i ei årrekke vore tilsett som forskar på NIBIO Furuneset.  Samson Opstad vil gi oss ei innføring i kva som er spesielt for geologi og jordsmonn på vestlandet, og korleis det gir vegval for eit klimasmart vestlandsjordbruk

Kjell Borge, erfaren gardbrukar med ammeku-produksjon frå Gol i Hallingdal, som dei to siste åra har nytta regenerative metodar på sin gard etter eit kurs med VitalAnalyse. Han vil fortelje om sin praksis og korleis han  gradvis har endra delar av drifta si.

Anders Kopstad frå Ringerike tok over gard i lag med kona i 2011. Dei ville gjere noko med jordstrukturen etter langvarig kornproduksjon. Dei starta opp med sau, og inspirert av eit amerikansk prinsipp for regenerativt beitebruk, driv dei systematisk beitebruk for å sikre at ein tærer så lite som mogleg på rotsystemet. Han vil gje ei kort innføring heilskapleg beiteplanlegging. eviggrønneenger.no

Gunnlaug Røthe og Mari Aker frå Norsk Landbruksrådgiving Vest har gode lokale kunnskapar frå vossaområdet. Dei deler kunnskap om jordsmonnet i området og kva jordanalyasr over flerie år syner.

For spørsmål:Njøs Næringsutvikling ; Liv Hatleli Gilpin (Frukt) 1696913Fylkesmannen: Frøydis Linden (frukt og grovfôr)¸ 905 52 194NLR Vest: Gunnlaug Røthe: 98245835Voss kommune: Kari Mostad, 97 99 71 50