Kunngjering av plansaker:

Detaljreguleringsplan for Sivlevegen 3, planident 2018005-plan til høyring og offentleg ettersyn med høyringsfrist 10.01.2020

Formannskap/plan og økonomi vedtok i møte 07.11.19, sak 43/19, å legge detaljreguleringsplan for Sivlevegen 3, ut til offentleg ettersyn.

Eventuelle merknader til planforslaget må sendast skriftleg innan den 10.01.2020 til Voss kommune, postboks 145, 5701 Voss, eller på e-post: postmottak@voss.kommune.no
 

Godkjend mindre reguleringsendring for Helgatunfeltet, planident 2012001

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14 har formannskap, plan og økonomi godkjent mindre endring av reguleringsplan for Helgatunfeltet, planid 2012001, i delegert vedtak 06.11.2019.

Dokument i plansakane over er tilgjengeleg på Servicetorget i Tinghuset på Voss, og på Voss kommune si heimeside; http://www.voss.kommune.no/ Gå inn på planregister, og søk på planident 2018005 og 2012001