Kunngjering av plansak og nye adressenamn

Godkjent plan - Detaljreguleringsplan for  Evanger stasjon
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Voss kommunestyre i møte 26.09.19, sak 28/19, godkjent detaljreguleringsplan for Evanger stasjon, planident 2018002.

Dokument i plansaka er tilgjengeleg på Servicetorget i Tinghuset på Voss, og i planregisteret, planident 2018002. 

Nye adressenamn
I same møte vart Eideshagevegen, Seimsgrendvegen og Nesheimsbrekkene godkjent som nye adressenamn.