Høyringsrunde: Strategi helse og omsorg mot 2025

Klikk for stort bilete

 

 

Kommunalavdeling helse og omsorg har sidan april i år jobba med strategiprosessen som skal legga føringar for aktiviteten i perioden fram til 2025. Startskotet gjekk i april for eit utval av politisk og administrativ leiing, tilsette, representantar frå arbeidstakarorganisasjonane, brukarar, pårørande, frivillige og andre samarbeidspartnarar. Både politikarar, tilsette og andre sentrale personar har jobba med å konkretisera strategien i ulike arbeidsgrupper. Me nærmar oss ferdigstilling av dokumentet, men vil gjerne ha dine innspel til forbetring. Dette vert eit viktig styrande dokument som vil leggja føringar for tilbod og tenester til innbyggarane på Voss dei neste 10 åra. Dokumentet finn du i lenkja til høgre.

 

Send dine innspel til liv.myklebust@voss.kommune.no eller Voss kommune, v/Liv Myklebust, Pb. 145, 5701 Voss. Frist for innspel er 9.november. Me legg opp til politisk behandling i desember.