Hjortetakk til Arne Johan Dregelid

Klikk for stort bilete

Gledesspreiar og trubadur Arne Johan Dregelid visste ikkje kvifor han skulle stilla i kommunestyret på Voss. Etter å ha spelt litt, vart trubaduren svært overraska over kva ordføraren hadde å seia:

"Om litt mindre enn eit halvt år vil voss kommune, slik me kjenner den i dag, vera historie. Det blir Voss herad. Dermed er i år siste året me kan dela ut Hjortetakk, takken frå Voss kommune til dei me meiner verkeleg fortener heider og ære. For det er de det er, ein stor takk. Hjortetakk vert delt ut av ordførar, men det er Miljø og kulturutvalet som både nominerer og avgjer kven som skal få takken frå Voss kommune.

Og, den siste hjortetakken for Voss kommune, og den går til ein verdig kvardagshelt. Etter å ha forhøyrd oss litt så viser det seg at omfanget av dei gode tinga denne mannen gjer for andre, nesten ingen ende vil ta.

Musikk, mat og glede er stikkorda. Det handlar om å bidra for alle og særleg dei eldre i bygda. Spør me deg om noko så er det aldri nei å få. Om det er noko som kan nyttast til eit eller anna praktisk formål, ja då fikser og trikser du det til.

 

Og i dag har Arne Johan Dregelid fått fram smila og gleda her i kommunestyresalen, og eg vil lesa opp grunngjevinga for kvifor det er du som skal få Hjortetakk frå Voss kommune:

 

Arne Johan er eit typisk «ja» menneske, som tar seg tid til alle, unge som gamle. Han er nyfiken som ein unge, lyttar interessert og seier sjeldan eller aldri nei til å stilla opp for andre. Ingen oppgåve er for stor eller vanskeleg for Arne Johan….det tar kanskje berre litt lengre tid. Det skal i alle fall ikkje vera uprøvd i fylgje han.

 

Arne Johan var kjøkkensjef ved Voss Jordbrukskule i over 20 år, og var kjend for å ha eit godt lag med elevane. Han var, og er, levande opptatt av våre lokale mattradisjonar, og deler villig vekk sin kunnskap på området.

 

Den andre lidenskapen hans, musikk, har også gjeve han eit namn langt utover kommunegrensene, og han vart lenge omtala som «grilltrubaduren».

 

Etter at Arne Johan pensjonerte seg (trur det var i 2012), skulle ein tru at han såg fram mot rolegare dagar, men dette passa ikkje for han.

 

Det er ikkje så reint lite «Petter Smart» i Arne Johan, og dei fleste har vel sett han med heimelaga grillvogn eller mobilt «smalahovekokeri» på hengarfestet. Dette har han drege rundt med i heile kommunen og vel så det…… og når Arne Johan er på tur, så er heller ikkje gitaren langt unna.

 

Med han så får ordtaket «brød og sirkus» til folket ny meining,…… kanskje meir «kvalitetsmat og kultur» for den karen. Arne Johan er den komplette «entertainer». Ein komplett kvardagshelt.

 

Arne Johan har i ei årrekke reist rundt og spelt og skøya på alders og sjukeheimar i regionen, og det er alltid eit høgdepunkt for bebuarar og pasientar når «trubaduren» kjem. Arne Johan forklarar sitt engasjement med, at han likar å få folk til å smila.

 

Han er eit aktivum i lokalmiljøet, kommunen, ja jamvel i regionen. Arne Johan er ein sann gledespredar, ein som byr på seg sjølv og som rett og slett gjer andre glad.

 

Det er ei stor gleda for meg og kunne dela ut Hjortetakk 2019 til Arne Johan Dregelid.

Det og er vel fortent, både pris og heider.

Fann du det du leita etter?