Gründerpris til Invertapro

Klikk for stort bileteAlexander Solstad Ringheim fekk årets gründerpris av Øyvind Ørbech Sørheim. Foto: Eldbjørg Lie Jørgensen, Voss kommuneAlexander Solstad Ringheim har fått årets gründerpis av Det Kongelige Selskab for Norges Vel. Solstad Ringheim fekk prisen for sitt gründerskap gjennom bedrifta Invertapro AS. Invertapro har målretta jobba for å byggja insektproduksjon. I grunngjevinga frå juryen er det vektlagt fylgjande:

- det sterke fokuset på berekraft i alle delar av verdikjeda

- den effektive utnyttinga av avfall til å produsera høgverdig protein og utviklinga av nye sirkulære verdikjeder, anten det er til dyrefôr, menneskemat eller gjødningsprodukt

- fokuset på lønsemd og marknadsarbeid med tanke på økonomisk berekraft.

 

Prisen var delt ut av administrerande direktør i Det Kongelige Selskab for Norges Vel, Øyvind Ørbech Sørheim under felles kommunestyremøte med Voss og Granvin på Voss torsdag.

Fann du det du leita etter?