Gratis HPV-vaksine til kvinner født 1991 og seinare

Klikk for stort bileteMarta K. Egdetveit Tor Halvorsen

 

Alle kvinner som er fødde i 1991 eller seinare, får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit toårig vaksinasjonsprogram. Programmet startar opp i november 2016. Vaksinen er tilrådd til unge kvinner for å førebyggja livmorhalskreft og forstadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, mesteparten av dei i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men somme får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdomen. Vaksinen kan gje vern sjølv om ein har debutert seksuelt.

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner, som er fødde i 1991 eller seinare, også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar gitt over 6-12 månader og må difor startast opp innan utgangen av 2018.

 

Plan for gjennomføring av HPV vaksinering i Voss kommune:

• Jenter i grunnskulen som tidlegare har takka nei men no ynskjer vaksine, vil få tilbod om vaksinasjon via skulehelsetenesta.

• Jenter 16 – 19 år som tidlegare har takka nei men no ynskjer vaksine kan starte vaksineringa på helsestasjon for ungdom i november. Helsestasjon for ungdom er open kvar måndag kl. 15.00-17.00.

• Kvinner født i 1991 - 1996 får tilbod om å starte vaksinasjon på Voss helsestasjon onsdag 9. november, kl. 09.00-11.00 og 14.00-17.00, eller på helsestasjon for ungdom i heile november.

Frå januar 2017 må kvinner som ynskjer HPV-vaksine kontakta Voss helsestasjon for timebestilling.

Ring 56 53 304 0 eller 979 97 104

Mer informasjon om HPV og HPV-vaksine finn du på Folkehelseinstituttets nettside

 

 

 

 

Fann du det du leita etter?