Gondolbanen vert bygd

gondolNett.jpg - Klikk for stort bilete

 

Voss Resort AS og Voss Gondol AS har vedteke å starta bygging av ny gondolbane. Prosjektet er no finansiert, og byggestart for nedre stasjon vert denne månaden. Dette kom fram under ei pressekonferanse på Bavallstunet måndag 15. januar.

Total kostnadsramme for den nye gondolen er om lag 300 millionar kroner, og er finansiert gjennom eigenkapital, lån og ulike offentlege støtteordningar.  Voss Resort er største aksjonær i selskapet Voss Gondol, med 75 prosent av aksjane. Grønahorgi AS, med investor Øyvind Lauritzen som styreleiar, eig 25 prosent av Voss Gondol AS. Innvoasjon Norge er inne med ti millionar kroner i støtte og 60 millionar i lån, Hordaland fylkeskommune er inne med 3,5 millionar kroner og Voss kommune, gjennom kraftfondet, er inne med fem millionar i støtte og 15 millionar i lån. Det er også inne fem millionar kroner i statleg støtte gjennom skattefunnordninga. Sparebanken Vest, Voss sparebank og Vekselbanken deltek alle i lånefinansieringa.

Italienske Leitner Ropeways skal byggja banen, med Backe Bergen er totalentreprenør på øvrige leveransar.

Etter planen skal banen står klar sommaren 2019, med toppstasjon og restaurant 820 meter over havet, like ved der Ekspressheisen frå Bavallen kjem opp.

Fann du det du leita etter?