Full fart i ferien

Gro Tyssebotn Gjerstad - Klikk for stort bilete Gro Tyssebotn Gjerstad - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Trass fellesferie og rekordsommar går hjula rundt i Voss kommune. Rett nok er skular og barnehagar stengde, men både tekniske tenester, helse og omsorg og grøn etat har travle dagar.

- Det er mykje tømming av bos og ikkje minst vatning, seier Gro Tyssebotn Gjerstad i grøn etat. Plenklypping er det mindre av grunna tørken, men blomar skal vatnast, og det skal ryddast og feiast.

- Det er mykje bos sidan det er mange som nyt dagane ute. Folk er generelt flinke til å bruka bosspann, men dei vert fort fulle, og me tømmer kvar dag, seier Gro. Rundt om i kommunen er fleire sommarvikarar også i full sving med oppgåver knytt til vatning, bostømming og anna arbeid for å halda det ryddig og triveleg.

 

Randi Jansne Skutle og Anna Moe Almenningen - Klikk for stort bilete

Hjå Vetleflaten har dei også god nytte av sommarvikarar i ferietida. Randi Jansen Skutle (19) og Anna Moe Almenningen (20) er to av dei som får hjula til å gå rundt når andre har ferie.

- Me gjer eigentleg det meste, frå stell og matlaging til å vaska klede, seier Randi og Anna. Denne sommarne er den første for Randi som sommarvikar, Anna er i gang med sommar nummer to som ferievikar. Til hausten er målet å studera. - Eg har søkt sjukepleiar, seier Randi, og får applaus av avdelingsleiar og sjukepelair Siren Vethe. – Eg håpar å koma inn på bioingeniør i Trondheim, fortel Anna.

 

 

 

 

Per Gunnar Byrkje og Terje Trosvik - Klikk for stort bilete PerGunnarByrkje - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hjå driftsavdelinga nyttar dei tørketida til å leita etter lekkasjar på vassnettet. I løpet av onsdag føremiddgav ar to lekkasjar alt funne, men med eit stort nett av røyr og leidningar er det litt detektivarbeid som skal til for å finna fram. Per Gunnar Byrkje og Terje Trosvik frå driftsavdelinga ser i kummar, lyttar og sjekkar vassmålarar for å leita etter moglege lekkasjar. På biletet er det kummane på Hagahaugen som vert inspisert.

 

Lurer du på kva ein kommune elles styrer med? Sjå film frå KS her:

Fann du det du leita etter?