Framtidsplan for Vossevangen

Klikk for stort bilete

Korleis skal Vossevangen sjå ut? Kor mange skal bu i sentrum? Korleis skal sentrum utvikla seg?

Dette er mellom dei overordna punkta i sentrumsplanen som skal ut på høyring. Torsdag skal formannskapet vurdera om planen er klar for å bli sendt ut.

Dokumentet er omfattande, og skal sikra dei overordna rammene for både busetnad, trafikk og utvikling av byrom på Vossevangen.

Framlegget er utarbeidd av planavdelinga i Voss kommune. Det har vore brei medverknad og ei rekkje innspel gjennom prosessen som har gått føre seg i snart to år. Det er også gjennomført moglegheitsstudie og analysar av Vossevangen, som ligg til grunn for planarbeidet.

Planframlegget inneheld kart som viser kva føremål i ulike delar av sentrum, skildring av kva planframlegget har lagt opp til og kva juridiske føringar som ligg til grunn for utvikling.

I tillegg er det ei rekkje vedlegg, med innspel, analysar, temakart og moglegheitsstudie.

Framlegget finn du her:(Lenkja går til den politiske saka som formannskapet skal handsama torsdag)  Framlegg sentrumsplan

 

Voss kommune ynskjer at alle som har ei meining om utviklinga av sentrum, kjem med innspel til oss. Det kan du gjera ved å senda ein e-post til postmottak@voss.kommune.no

Det vil også bli både folkemøte og opne kontordagar i løpet av september og oktober for dei som vil involvera seg.

Når planframlegget formelt er sendt på høyring, kan du også bla i planen i servicetorget på Voss tinghus.

Fann du det du leita etter?