Framdrift i flytting av Ridande Vossabryllup

Det er mål om at monumentet Ridande Vossabryllup og kringliggande park skal stå ferdig i Bergsliparken ved Vangskyrkja til 17. mai 2020. Det er klart etter eit møte mellom entreprenør Backe Bergen og Voss kommune 28. mai.

Innan 20. august skal entreprenør ha klar ein status som inkluderer skisser og alternativ for korleis ulike utfordingar knytt til  remontering av Ridande Vossabrudlaup i Bergsliparken skal løysast . Vidare er det bestemt at byggjearbeid bør haldast utanom dei mest aktive sommarmånadane, og at planting og tilsåing bør gjerast på våren.

Monumentet Ridande Vossabryllup er tatt ned som fylgje av utviklinga kring Voss stasjon og knutepunktet. Siste vedtak om plassering er gjort i utval for miljø og kultur, MKU, i sak 4/17 09.03.2017, endeleg plassering er bestemt i Bergsliparken ved Vangskyrkja.