Forbod mot bruk av open eld

Bål - Klikk for stort bilete Faren for skogbrann er svært stor og aukande, og det er frå no forbode å tenna open eld i heile Voss kommune. Forbodet gjeld både bålbrenning, bruk av eingongsgrillar og bålpanner. Biletet viser restar av bål i Prestegardsmoen. Det forbode med slike bål, og risikoen for at bålet skal føra til skogbrann er svært stor. 

Det er lov å grilla i eigen hage og fritidsbustad, om ein nyttar gassgrill eller kolgrill. Skogbrannindeksen på nettstaden yr.no syner at Voss har høgast skogbrannfare i heile Hordaland. Indeksen operer med ein skala der verdien over 70 gjev raud farge og «Meget stor fare». For Voss er det fredag indeks på 115, og det er venta at dette vil auka gjennom helga. Klikk her for indeksen: https://www.yr.no/spesialvarsel/skogbrannfare.html

Forbodet gjeld inntil brannsjefen vurderer skogbrannfaren som redusert.

Fann du det du leita etter?