Fest for det nye heradet

Send kortfatta søknad til postmottak@voss.kommune.no innan 1. juli 2019.

Merk søknaden: Markering av Voss herad i 2020. 

I 2020 slår Granvin herad og Voss kommune seg saman og etablerer Voss herad. For å markere denne hendinga vil Voss herad arrangere festhelg 29.februar til 1. mars 2020. I tillegg ynskjer me å invitere lag og foreiningar til å vere med å bidra med tiltak eller arrangement gjennom året som kan byggja fellesskapskjensle, kultur og identitet. Dette kan til dømes vere ein konsert, ei utstilling, eit kurs eller ein felles fjelltur.

Etter ei heilskapleg vurdering vil det bli gitt økonomisk støtte til nokre tiltak. Det er sett av til saman kr. 100 000 til slike tiltak. Tiltak eller arrangement som involverer enkeltpersonar, lag og foreiningar frå begge kommunane vil bli prioritert.

Alle tiltak som blir meldt inn vil kunna bli del av det offisielle programmet til markeringa om det er ynskjeleg. Kommenter gjerne dette i søknaden.

Søknadene vert behandla administrativt.                         

Fann du det du leita etter?