Bli med i Voss kommune sitt frivilligteam

 

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

Me ynskjer å leggja til rette for meir frivillig innsats i våre kommunale helse- og omsorgstenester, og treng derfor frivillige til vårt nyoppstarta frivilligteam. Intensjonen til frivilligteamet er å saman tilby innbyggjarane våre best moglege opplevingar når dei treng det mest. Frivilligheita og kommunen har ulike, men komplementære rollar i samfunnet. Våre frivillige skal vera eit supplement til det profesjonelle arbeidet, utan å vera ei erstatning for dette.

Ein aktiv, innovativ og levande frivillig sektor bidreg til eit inkluderande lokalsamfunn der flest mogleg i alle aldrar kan leva aktive og meiningsfulle liv, og bidreg til å hindra einsemd og utanforskap gjennom å leggja til rette for aktivitetar og fellesskap med andre. Frivillig aktivitet er i seg sjølv positivt for helsa. Me veit at trygge nærmiljø førebyggjer psykiske helseproblem, og det å trekkja menneske ut av isolasjon eller einsemd, og inn i fellesskap og trivsel, er helsefremjande. 

Meir om å vera frivillig, samt søknandsskjema for frivilligteamet finn du her.

Kontaktperson:
Elizabeth Bell
Frivilligheitskoordinator, Helse og omsorg
Tlf. 48014573, epost: elizabeth.bell@voss.kommune.no

Fann du det du leita etter?