Avlingsskadeerstatning i Voss 2018

Klikk for stort bilete I følgje oppslag i Nationen onsdag denne veka er det utbetalt kring 2 milliardar  i avlingsskadeerstatning etter turke i sommar. Flest erstatningssøknadar kom i fylje Nationen i Oppland fylke med 2927 søknadar med Østfold, Oslo Akershus, Buskerud og Hedmark  fylke hakk i hel.  På landsbasis var det 14 947 som søkte erstatning. I Hordaland søkte 332 føretak om erstatning. I Voss har 57 føretak søkt om avlingsskadeerstatning etter turkesommaren 2018. Av dei som søkjer er det 50 føretak som får utbetaling, medan 7 får avslag. Totalt i Voss er det utbetalt kr 3,4 mill. til 50 søkjarar. Det gjev eit erstaningsnivå på knappe 70 000 kr per føretak som fekk erstatning. 13 av føretaka som søkte fekk meir enn gjennomsnittlig utbetaling og den største einskiltutbetalinga i Voss er om lag kr 270 000.

Gjennomsnittleg utbetaling på landsbasis er kr 142 000.

Frist for å søkje om avlingsskadeerstatning var 31.oktober.

Fann du det du leita etter?