Nyhende
Publisert 26.05.2015

Tid og stad: Tysdag 9. juni i Tinghuset på Voss kl. 09.30 - 11.30.

Programmet startar kl. 09.45. 

Publisert 13.05.2015

Skulane på Voss deltok i TINEstafetten tysdag 12. mai.

Publisert 11.05.2015

Skulane på Voss deltok i TINEstafetten tysdag 12. mai.

Publisert 07.05.2015

Onsdag 29. april heiste ordførar Hans-Erik Ringkjøp i lag med dei eldste ungane i Raundalen barnehage det grøne flagget til topps i flaggstanga.

Grønt Flagg er ei internasjonal miljøsertifiseringsordning retta mot barnehagar, grunnskular, videregåande skular og folkehøgskular. 

Målet med Grønt Flagg er å sikre bærekraftig utvikling gjennom miljøopplæring.

Raundalen barnehage har i lang tid sortert avfallet sitt. Papp/ papir og mjølkekartongar i eigne avfallsspann som står i barnehagen, hermetikk og glas vart levert i containarar som er til slikt bruk. Barnehagen bruker òg lite av eingongsservice ol.

Barnehagen har hatt IHM på besøk,  og då vart dei einige om at barnehagen skulle få ein avfallsdunk i barnehagen til å levere glas i. Då vert det lettare å få til ein god rutine for alle.

Barnehagen vil halde fram det gode arbeidet sitt med fokus på avfall og gjenvinning og då var det kjekt å få ordføraren på besøk slik at han kunne få høyre kva ungane var opptekne av.

 

Publisert 23.04.2015

 

Lamminga i indre strok er no i god gang. Somme er snart ferdige, medan andre står i startgropa. Mykje snø i høgda har gjort at beiteslepp kan verte ei utfordring i høgareliggande strok.

Les meir (PDF, 770 kB)

Publisert 23.04.2015

 

Lamminga i indre strok er no i god gang. Somme er snart ferdige, medan andre står i startgropa. Mykje snø i høgda har gjort at beiteslepp kan verte ei utfordring i høgareliggande strok.

Les meir (PDF, 770 kB)